Tysnes kyrkjelydane


Tysneskyrkjelydane skal syte for at kyrkja er nærværande mellom folket i Tysnes slik at trua kan spire, håpet kan vekse og kjærleiken gro. 

Dette målet søkjer vi å oppnå ved ulike verksemder på ulike arenaer.


Vi gjer det gjennom gudstenestelivet som trutt og trufast går sin gang gjennom kyrkjeåret. Klokkene kallar kyrkjelydane saman til gudsteneste. Nokre ganger til fullt hus, andre ganger til glisne benkerader. Alltid held vi elden tend på altaret, alltid stig lovsang opp, alltid lyder Gudsordet og alltid vert trua vår vedkjend

 Vi gjer det gjennom dei kyrkjelege handlingane der vi møter menneske i kvardag og fest, i sorg og glede i ulike faser i livet. Det er dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd

Vi gjer det gjennom trusopplæringsprogrammet vårt: «TOPP i Tysnes» der vi ved bruk av ulike tiltak møter alle døypte gjennom oppveksten med tilbod om opplæring i den trua dei er døypte til slik at dei kan lære Jesus betre å kjenne

Vi gjer det gjennom kyrkjelydsarbeid for born og unge, vaksne og eldre der vi skapar møtestader for tru og tvil, for kunst og kultur, for felleskap og undervisning, der vi rettar ut ei hjelpande hand og syner omsorg for kvarandre

 

Alt dette for at Jesus skal bli meir synleg mellom oss i tru, håp og kjærleik!