Gravplassane


 

Kolera-gravplassane
Kolera-epedemien i 1849 førde til at det vart 3 nye gravplassar. Den eine var på Hamarhaug for Onarheim, den andre på Sæ for Uggdal og den tredje på Dukanes på Tysnes for Tysnes sokn.Stadane vart utpeika og teken i bruk då epedemien kom, sidan vart det tinga med eigarane om grunn. Rundt kvar gravplass vart det sett på steingjerde. I alt vart 22 menneske gravne på desse kolera-plassane, frå januar til mars 1849.


Hope kyrkjegard
Hope kyrkjegard på nord Reksteren vart skild ut og teken ibruk kring 1890, og fullgroven kring 1920. Kyrkjegarden vart ikkje vedlikehalden på mange år, og ettersom det er ein "skogskyrkjegard" vart den sterkt tilgrodd. Steingarden rundt kyrkjegarden og klokkehuset er i rimeleg god forfatning. Dei fleste gravminna er skada. I 1992 gjorde Kyrkjeleg Fellesråd vedtak på at Hope kyrkjegard vert nedlagt. Etter eit stort dugnadsarbeid av lokale entusiastar der kyrkjegarden vart rydda og vølt vart Hope kyrkjegard markert som eit historisk minnesmerke og ein freda stad september 2013


Tysnes gamle gravplass
Denne gravplassen ligg ute på Tysneset, og vart nytta frå gamal tid i samband med kyrkjene som har vore der. Denne gravplassen er framleis nytta av dei som føler tilknytning til staden.


Onarheim kyrkjegard
Ein kjenner ikkje til kva tid denne kyrkjegarden vart teken i bruk. Gravprotokollen for Onarheim kyrkjegrad er ført frå 1902, men ein veit at kyrkjegarden var i bruk lenge før dette. Den eldste delen av denne kaldt "Vossabakken" er no freda, og inneheld graver frå 1700 talet, m.a. grava til Claus Pavels Riis og futegraver frå Hammarhaug. Gravplassen vart utvida i 1954 og i 1969.


Uggdal kyrkjegard
Ein kjenner heller ikkje til kva tid denne kyrkjegarden vart teken i bruk. Gravprotokollen for Uggdal kyrkjegrad er ført frå 1900. Gravplassen vart utvida i 1960 og i 1986.


Gjersvik gravplass
I 1907 kom spørsmålet opp i Tysnes sokn om ny gravplass for Gjerstadkrins. Dette førde til innkjøp av 1 mål jord hos Andreas Gjersvik, og gravplassen vart teken i bruk frå 1910. Etter at kyrkjegarden ved Tysnes kyrkje vart teken i bruk i 1949, har denne gravplassen vore lite nytta.


Humlevik gravplass
I 1889 vart det vedteke å kjøpa inn 2 mål jord hos Peder Gitlesen Humlevik til ny gravplass. Gravplassen vart i byrjinga nytta av Tysnesbygdo og, fyrste registrerte gravferd var i 1900, men kan truleg vera teken i bruk nokre år før dette.


Amland gravplass
Gravplassen på Amland vart teken i bruk i 1930


Flatråker gravplass
I 1921 vart Flatråker gravplass ferdig, og Uggdal fekk sin fyrste hjelpekyrkjegard.


Sør-Reksteren gravplass
Gravplassen på Sør-Reksteren vart ferdig til bruk i 1930, før denne tid nytta folket på Sør-Reksteren gravplassen ved Uggdal kyrkje.


Bruntveit kyrkjegard
Bruntveit kyrkjegard vart teken i bruk i 1922, den vart seinare utvida i 1986.
 

Tysnes kyrkjegard
Under siste krigen vart det teke opp arbeid for å få kyrkjegarden i Tysnesbygda lagd til kyrkja på Gjerstad. Den eldste delen av kyrkjegarden vart teken i bruk fyrste gong i 1949, og seinare vart det også utvida på oppsida av kyrkja. Denne gravplassen vart fyrst gong teken i bruk i 1993.
Ny parsell av Tysnes kyrkjegard vart vigsla av prost Theodorsen i juni 2010.
 
Digitalarkiv

Kyrkjegardsvedtekter

Tilbake