Tysnes kyrkjelege fellesråd > Livets gong > Vigsel


Vigsel


Bryllupet er ein fest for kjærleiken. To menneske lover å elska og æra kvarandre, og å halda saman i gode og onde dagar resten av livet.

Dei som ønskjer å gifta seg må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtala ein dato for bryllupet. Vigselspapira får du ved å venda deg til folkeregisteret. Du leverer dei ferdig utfylte papira på folkeregisteret. Betalingssatser for brudepar som ikkje er busette på Tysnes er kr. 6.900.-. Les meir om vigsel i Den norske kyrkja her.

Drop-in-bryllaup

14. februar 2025 kl. 13-17 vert det drop-in-bryllaup i Tysnes kyrkje. Les meir om drop-in-bryllaup her, eller kontakt kyrkjekontoret.