Konfirmasjon
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig.

Er du 14 år og har lyst til å konfirmera deg? Me har konfrimantundervisning i Tysnes kyrkja rett etter skuletid annakvar veke. Me snakkar saman om tru og tema som er aktuelle for deg som er 14 år. Me deltek på festival på Norheim, og har spennande temadag i Kyrkjestova. Me vert betre kjende med oss sjølv og kyrkja. Til våren vert det fine konfirmasjonsgudstenester for å feira DEG.
Konfirmasjonsgudstenester 2026 er:
- 26. april kl. 10.30 i Onarheim kyrkje
- 26. april kl. 12.30 i Uggdal kyrkje
- 3. mai kl. 10.30 og 12.30 i Tysnes kyrkje
Påmelding skjer ved å bruka denne lenkja:
https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=cf515383-9936-4088-a56c-c0d879048443
Vil du vita meir kan du lesa meir her: https://kirken.no/nn-NO/konfirmasjon/10-gode-grunnar/
Velkommen som konfirmant!