Tysnes kyrkjelege fellesråd > Livets gong > Dåp


Dåpen


Dåpen er ein av dei store dagane i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er fødd. Men den er noko meir. Dåp er eitt av kyrkja sine to sakrament. Det er ei hellig handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Dei som ønskjer dåp tek kontakt med kyrkjekontoret for å avtala ein dato. Deretter må ein lasta ned og fylla ut dette skjemaet:

Dåpsmeldingsskjema (trykk her).

Skjemaet må, i god tid før dåpen, returnerast til kyrkjekontoret via post eller mail. Barnet skal ha minst to fadrar, maksimum seks. Foreldra kan ikkje vera fadrar sjølve. 

Barnedåpen skjer normalt i høgmessa på søndagar, men i enkelte høve kan ein også leggja dåpen til eiga dåpsgudsteneste. I veka før dåpsdagen tek presten kontakt med foreldra for å gjennomføra ein dåpssamtale.