Påskebesøk i kyrkja


 

Påskebesøk i kyrkja.

Tirsdag i påskeveka var Stjernereiso på besøk i Uggdal Kyrkje. Marit fortalte dei om Jesus som ridde på eselfolen inn i Jerusalem på palmesøndag. Ho vaska beina våre før nattverdsmåltidet nett slik som Jesus gjorde på skjærtorsdag, og delte ut bollebiter. Den laaange fredagen då Jesus dø på korset gjorde inntrykk, stakkars Jesus som fekk ei sånn stikkekrona på hovudet sitt. Påskemorgen slukker sorgen sang me og fekk vita at Jesus stod opp igjen og det måtte feirast med ein seigemann til alle.Det var ei fin stund i kyrkja for både små og store.

Tilbake