Konfirmantur til Solgry


 

Fredag 1. april reiste me med Olav Kåstad sin "nyfolielakka" buss til Solgry på konfirmantleir. Etter at me var fordelt på rom var det tid for undervisning om Gudsteneste, mange spørsmål og mange kloke svar både til og ifrå konfirmantane. Det var lenge siden frukost så stor var gleda då det endelig blei lunch, og for ein oppdekning, "nett so på hotell med eggarøra og allslags godt" var det ein som sa. Då  me var mett og god var det klart for meir undervisning, og no var det påske som var tema. Konfirmantane vart delt i grupper og jobba iherdig med å svara på spørsmål om påske. Å slå oppi og  finna svar i ein Bibel er ikkje alltid lika lett, men når ein samarbeidar går det bra. Og samarbeid er noko som årets konfirmanta er god på. Endelig stod fritid på timeplanen og det betydde open kiosk og Go-Cart. Det vart svidd av mange kroner på go-cart banen, men me var enige om at dei var vel invistert.  I kiosken blei det opplyst om at det var høve til å få kjøpa "VG-godt" til halv pris, men det var sjølvsagt ein aprilspøk iscenesatt at dei vaksne. Siste undervisningtimen handla om samtalegudstenesten og om kvar enkelt si tidslinje.  Heimalaga pizza som forsvant som dugg for sola, blei etterfulgt av Quis og mimesangleik med mykje kreativitet og stor innlevelse. Så var det tid for kveldsbønn og god natt, nokon av oss sov mange timer og andre sov få timer..Neste dag såg me film om rusmidlar og kva valg me må ta i livet. Konfirmantane fekk ros av leirsjefen for både høflighet og orden, noko som me vaksne kan vera med å skriva under på!!

Tilbake