BABYSONG


Måndag 7. mai var Babysongen flytta frå Uggdal kyrkje til Tysnes omsorgsenter, noko som gledde både liten og stor. På omsorgsenteret var rundt 25 bebuarar møtt fram, dei fekk vera med å syngja kjente og kjære barnesongar, nokon av dei aller sprekaste kom ut på golvet og dansa "Babysamba" og "Bom Chicka". Sokneprest Marit I Espeden, som er primus motor for Babysongen, sa at det gjekk fint an å rista på beina for det om ein sit i ro.Etter dansen var det godt å setja seg ned igjen og syngja "Ingen er så trygg i fare". Dei eldste syntest det hadde vore ei kosleg stund og gav uttrykk for at dei gleda seg allereie til neste gong. Marit prest sa det hadde vore ei fantastisk oppleving og sa at ho ville gjerne komma igjen noko barnemødrene var einig i.

Tilbake