Laurdag kveld var det fjorten 9-åringar som kom til Tysnes kyrkje med madrassar, soveposar, puter, kosedyr og nattlampar – dei skulle nemleg overnatta i kyrkja! At dei var spente var det ikkje noko tvil om, og fleire lurte nok veldig på korleis dette skulle gå.
Me starta med ein bli-kjent-leik, før Isabell fortalde forteljinga om Samuel som var lys vaken for Gud. Me hadde «gudstenesteverkstad» der me øvde på song, prosesjon, bøn og tekstlesing, før det var tid for å ta på seg refleks og gå bort i Kyrkjeståvo for å eta taco.
Etter at middagen var fortært, laga me flotte «glasmåleri», såg film og åt laurdagsgodt. Me skulle også ha litt leik, men mange var så trøytte at me fann ut det var berre å gå tilbake til kyrkja. På vegen stoppa me for å senda opp ei «kinesisk lykt». Den svevde eit godt stykke opp i lufta før den slokna og dala ned igjen.
Vel inne i kyrkja fann alle seg ein soveplass dei var nøgde med, og luftmadrassar vart blese opp. Då alle var på plass i soveposane sine, fortalde Isabell godnatthistorie før me song «Kjære Gud eg har det godt». Så var det tid for å sova, og det vart overraskande fort roleg, sjølv om mange vrei seg i soveposen i god stund før søvna endeleg kom.
Då morgonen kom var det nokre som meinte at dei ikkje hadde sove noko som helst, medan andre hadde vore langt borte i draumeland. Det var i alle fall ein gjeng morgonfuglar, for dei fleste var vakne før det var tid for vekking. Etter pakking og rydding, gjekk me bort i Kyrkjeståvo der frukosten var klar. Etter litt påfyll i magen, hadde me nokre leikar, og snakka om korleis det hadde vore på Lys vaken. Alle var einige om at det hadde vore kjekt, og me klappa for at alle saman hadde tort å sova i kyrkja.
Til slutt var det tid for den store avslutninga: Lys vaken-gudsteneste. Borna var med og gjorde eit flott preg på gudstenesta, der høgdepunktet for mange var å få senda papirfly med sine eigenskrivne bøner ut i kyrkja frå galleriet. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi der kjeksa fekk bein å gå på, før trøytte, men glade born kunne reisa heim og kvila.
Tusen takk for ei flott helg, og tusen takk til alle foreldre/besteforeldre som var med og gjorde at me fekk dette til!

Tidsfordriv i kyrkja før gudsteneste