6-ÅRSSAMLING


6-ÅRSSAMLING


Måndag denne veka var det 13 spente førsteklassingar som kom til Kyrkjeståvo for å vera med på 6-årssamling.

Temaet for samlinga var vennskap, og me starta med å snakka om kva ein god venn er. Me lærte den gylne regelen, og fekk høyra bibelforteljinga om den barmhjertige samaritanen. Me laga oss også eit «vennskapstre», som me skal ha med i kyrkja på søndag.

Etterpå var det tid for hot dog og saft. Det smaka godt med mat etter ein halvlang skuledag, og stemninga var god. Då maten var unnagjort, gjekk me bort i kyrkja for å utforska litt. Me øvde på prosesjon, og lærte om blant anna alteret, lysgloben og døypefonten. Me øvde også på «Må Gud velsigna deg» med teikn, og til slutt fekk dei som ville gå opp på preikestolen (det var alle).

Tilbake i Kyrkjeståvo lærte me refrenget på «Jesus er vår venn», før me hadde vennskapsbingo. Borna var kjempeflinke til å stilla kvarandre spørsmål for å kunna kryssa ut ruter på bingoarket. Etter påfyll med litt frukt, avslutta me samlinga med å jobba med eit vennskapshefte. Borna var superflinke til å høyra på både dei vaksne og kvarandre heile ettermiddagen, og me hadde ei kjempefin stund saman.

På søndag er det utdeling av 6-årsbok i kyrkja, så me gler oss til å treffast igjen då😊

Tilbake