"KRØLLE, KOR E DU?"


"KRØLLE, KOR E DU?"


Måndag ettermiddag var det 8 spente små som kom på Krøllekveld i Tysnes kyrkje – samlinga for dei som blir 2 år i år.

Me blei ønska velkommen med songen «Vel møtt», før me opna den mystiske «2-årskofferten». Oppi kofferten låg det invitasjon til Krøllekveld, ei «Lille Sau går seg vill»-bok og ein liten kosesau – me skulle nemleg få høyra forteljinga om den vesle sauen Krølle som hadde gått seg vill.

Etter at me hadde synge «Bæ bæ lille lam» i håp om at Krølle skulle koma fram, var det berre éin ting å gjera – me måtte leita! Me gjekk rundt i kyrkja og ropte på Krølle, og fann ulike spor – både sauespor på golvet og ull som hadde hengt seg fast i ei grein. På vegen kom me til lysgloben der Jesuslyset var tent, så då stoppa me og tente lys for kvar og ein av borna. Etterpå song og dansa me til «Det lille lys eg har», før me leita vidare etter Krølle. Han hadde ikkje falt oppi vatnet i døypefonten (heldigvis!), og han var ikkje oppe på fjellet (preikestolen). Han var ikkje ein gong på beitet inne i alterringen. Kor i all verda kunne han vera?

Me sette oss ned og song «Bæ, bæ lille lam» éin gong til, og då høyrde me noko! «Bæææ, bæææ» sa det svakt bak alteret. Me gjekk bak for å sjå, og jammen låg ikkje Krølle der og venta på oss! Borna bar han med andakt ned til dei andre sauene, der han høyrde heime. Me song «Kjære Gud eg har det godt», og borna fekk utdelt kvar si «Lille Sau går seg vill»-bok. Heilt til slutt kosa me oss med frukt, for det var mange magar som var blitt svoltne etter den intense leiteaksjonen.

Takk til små og store for ei koseleg stund i kyrkja!

 

Tilbake