Pinsen er kyrkja si byrjing, og andre pinsedag var store og små inviterte til kyrkjebursdagsfest i Tysnes kyrkje for å markera dette.
Dei som gjekk i andre klasse var spesielt inviterte til å ta med ein bursdagsteikning til kyrkja. Desse hang me opp på kyrkjebenkane for å pynta opp kyrkja.
Gudstenesta starta som vanleg – me song, ba, høyrde på Hildur som las frå Bibelen og Marit prest som snakka om pinsen. Etterpå var det tid for at Tysnes barnekor skulle synga for oss. Seks spente jenter song av full hals, og tok oss gjennom 3 fine songar. Dei var kjempeflinke, og gjorde at gudstenesta blei ekstra stemningsfull. Etter song, og ein leik der alle borna fekk vera med, var det tid for det mange hadde venta på: Pølser og kaker. Praten gjekk under måltidet, og små og store kosa seg veldig med god mat og drikke.
Då folk begynte å bli forsynte, gjekk me inn for landing med velsigninga. Etterpå stilte me opp i midtgangen og song «Hurra for deg!» til kyrkja, før me avslutta med ei overrasking: Ein pinjata full i godis. Det var sterke krefter i sving då borna skulle slå hol på den, og det tok ikkje lang tid før godteriet rann ut på den raude løparen.
Ein kjempekjekk dag i kyrkja med mykje liv og røre – akkurat slik me likar det 😊
Foto: Arne Leite