Dei siste vekene før påske har me hatt alle barnehagane på besøk i kyrkjene våre. Der snakka me om det Bibelen fortel hendte i påsken, og tok for oss kvar dag frå palmesundag til påskedag.
På palmesundag ropte me “Halleluja!” og vifta med palmegreiner, og på skjærtorsdag fekk alle som ville “vaska” beina sine før me braut brød (bollar). På langfredag song me “På Golgata stod det et kors”, og på påskedag gleda me oss med “Klapp alle hender i glede”. Og jammen vart det ikkje funne nokre påskeegg også! Nesten alle var skjønt einige om at gulrøttene i det første egget ikkje var ekte påskegodt, men seigemenn (og –damer, viste det seg) fall i god jord. Det var stor undring då det tredje egget vart teke fram – kva kunne dette innehalda, no når dei hadde fått både noko sunt og noko godt? Det viste seg å ikkje vera noko etande, men små, søte påskekyllingar. Alle fekk kvar sin kylling til å ta med seg heim – med oppmoding om å passa godt på dei. Ein skulestartar sa det så fint: “Eg skal leggja den i hylla på rommet mitt, for der støvsugar ikkje mamma og pappa”.
Takk for magiske stunder i kyrkjene våre, det er alltid like kjekt å ha barnehagane på besøk