Etter julegateopninga i Våge på laurdag var det ein liten, men fin gjeng som tok turen til Kyrkjeståvo. Her var det nemleg gjort klart for det tradisjonsrike familiearrangementet «Skumringstur i adventstid».
Det byrja å regna akkurat då me skulle starta på turen, men heldigvis skulle me ikkje langt – i år var refleksane hengt opp rett bak Kyrkjeståvo. Borna lyste med lyktene sine og fann mange ulike symbol på refleksane. Då dei hadde teikna ned tre eller fem symbol, kunne dei velja seg to dyr som dei tok med inn i stallen i Kyrkjeståvo. Inne i varmen venta flott song frå barnekoret, før me kosa oss med saft, bollar og peparkaker. Tusen takk til alle som kom, det vart ei veldig koseleg førjulsstund!