Onsdag førre veke inviterte me fireåringane til samling i Tysnes kyrkje.
Etter at Isabell hadde ynskja velkommen, fekk borna utdelt eit hefte med bilete frå kyrkja som dei skulle finna igjen. Dei var veldig observante, for dei vart fort ferdige! Etterpå var det tid for dåp av dåpsdokka, som denne dagen fekk namnet Isak. Isak fekk seg både ei mor og ein far, samt ein storebror og fadder. Dei gjorde ein kjempejobb med å bera han til dåpen, tørka av hovudet og tenna dåpslyset.
Då Isak var ferdigdøypt, var det tid for skapingsforteljinga ved hjelp av ein god gammal flanellograf. Dette syntest nok borna var veldig spennande, for dei sat som tente lys. Til slutt song me “Kven har skapt alle blomane”, før me hadde kveldsmat i kyrkja. Ei veldig koseleg stund saman med born, foreldre og besteforeldre.
Søndag var det familiegudsteneste med utdeling av fireårsbok. Borna fekk ikkje berre éi, men TO bøker - ei lesebok og ei aktivitetsbok. Marit hadde ei fin preike om den bortkomne sonen, og borna var med og viste bevegelsar til “Kven har skapt alle blomane”. Ein fin dag i kyrkja for store og små.