6-ÅRSSAMLING OG SKULESEKKGUDSTENESTE


6-ÅRSSAMLING OG SKULESEKKGUDSTENESTE


Onsdag etter skuletid var det 21 spente fyrsteklassingar som kom inn gjennom dørene i Kyrkjeståvo. Dei fleste kom frå Uggdal skule, men nokre tøffe fyrsteklassingar hadde teke bussen frå Onarheim heilt åleine. 

Etter me hadde samla oss i storsalen og alle hadde fått namnelapp på brystet, var det tid for ei vennskapsøkt. Me lærte den gylne regelen, fekk høyra forteljinga om den barmhjertige samaritanen og og snakka om kva ein god venn gjer. Borna hadde mange gode innspel og tankar om det å vera ein god venn. 

Då læringsøkta var ferdig, var det tid for hotdog og saft. Det smaka nok godt, for det var god matro rundt bordet! Då måltidet nærma seg ferdig, las Isabell frå 6-årsboka “Tre i eit tre”. 

Vidare gjekk det slag i slag – me øvde på songen “Jesus er vår venn”, me fargela fine bokmerke med bibelvers på, me var ein tur borte i kyrkja og førebudde oss på søndagens gudsteneste, me åt frukt og hadde vennskapsbingo. Dagen avslutta me på topp med BlimE!-dansen, før slite, men glade born vart henta av foreldra. 

Søndag var det klart for “skulesekkgudsteneste” i Tysnes kyrkje. Flotte fysteklassingar gjekk i prosesjon inn i kyrkja, med skulesekkar på ryggen og blomar i hendene. Det vart ei flott gudsteneste med mykje song, litt gym, ei preike som inneheldt doven cola, stemningsfull lystenning og velsigning med teikn. Og ikkje minst – alle fyrsteklassingane fekk si heilt eiga “Tre i eit tre”-bok. Gudstenesta vart avslutta med kyrkjekaffi, med deilig sjokoladekake som konfirmantar og familiane deira hadde laga. Tusen takk for nokre flotte dagar i kyrkja! 

PS: Viss de ikkje har fått bok, kan de komma innom kyrkjekontoret og henta :)

Tilbake