Konfirmantane kom til Onarheim kyrkja og blei tatt imot av Jan Einar, som var stand-in for Marit, og av Heidi. Dei fekk fyrst litt informasjon om pilegrimsvandring før og no, me prata litt om ørkenperla og stilleperla som naturleg nok høyrer med i ei pilegrinsvandring. Alle fekk pilegrimstav og pass og orda frå Salme 23 med seg på vandringa.
Blinde og fattige «Bartimeus» møtte me først på, han ropte på Jesus og bad om hjelp. Ein konfirmant kunne historia om Bartimeus frå Bibelen og fortalde den til oss andre. Og underet skjedde, han fekk synet tilbake og følgde med oss på vandringa.
På toppen av ei brekka stod ein «ekte» pilegrim med famnen full av fristande nybakte bollar. Heldig var dei som hadde Pilegrimspass, dei viste fram passet sitt og fekk ei gratis bolle.
Pilegrimen Åse kunne fortelja at ho hadde gått fleire pilegrimsturar, i Spania, og i sommar frå Oslo til Nidarosdomen i Trondheim. Det var veldig interessant og høyra hennes opplevingar og erfaringar frå pilegrimsvandringa.
Vidare gjekk turen mot «Sluskahålo» der me snakka om vatn, dåpen, korsfestinga og det evige livet. Me snakka også om forfølginga av dei kristne og symbolet ICHTHYS som betyr FISK.
Ved vegkrysset mot Blåbærhaugen hadde me eit stopp og snakka om vegval og konsekvensar av val me tar i livet, både positive og negative .Før me gjekk vidare song me «Du er evig».
Då me kom til bommen gjekk me inn i stilleperlerommet. Vidare oppover skulle me bruka sansane våre til å ta inn skaparverket . Å vera heilt stille er nok ikkje så enkelt, men eg trur nok at dei fleste hadde godt utbytte av vandringa.
Siste bakken opp mot målet skulle alle ta ein stein som eit symbol på noko som me ville legga frå oss oppe ved korset.
På toppen kunne alle ta ei perle som eit symbol på sin verdighet.
Onarheim sokneråd med Grethe Barmen og hjelparar serverte rykande varme hot dog , saft, kaffi og frukt. Det smakte utruleg godt, stor takk til dei alle tre. Dei hadde også fyrt opp i to bål panner noko som kom vel med sidan veret vart veldig surt då me kom opp. For å sei det mildt blei me ganske våte før me kom oss ned igjen.
Som avslutning på pilegrimsvandringa las me «Vår Far i himmelen».