6-ÅRSSAMLING OG SKULESEKKGUDSTENESTE


6-ÅRSSAMLING OG SKULESEKKGUDSTENESTE


Alle dei som har begynt i 1. klasse er velkomne til å melda seg på til 6-årssamling i Kyrkjeståvo onsdag 10. september. Samlinga byrjar ca. kl. 12.30 og varer til kl. 16.00.

Temaet for samlinga vil vera vennskap, og det vert song, leik og ei spanande forteljing frå 6-årsboka. Det vert også tid til ein tur bort i kyrkja, og sjølvsagt skal me eta hotdog og frukt! Om nokon har allergiar eller andre utfordringar som me må ta omsyn til, må me ha beskjed om det på førehand.

Alle er også inviterte til "skulesekkgudsteneste" søndag 14. september i Tysnes kyrkje kl. 11.00. Då får dei utdelt 6-årsboka si "Tre i eit tre". Me oppmodar alle 6-åringane til å ta med dei fine skulesekkane sine i kyrkja 🙂

Påmelding innan fredag 5. september på denne lenkja: https://minpamelding.agrando.no/…

Me gler oss til å sjå deg!

Tilbake