Er du mellom 5 og 10 år og likar å synga? Då er du velkommen til Tysnes barnekor!
Det er Isabell Østby som vil leia koret, saman med organist Gennadii Ishkulov. Me øver kl. 16.30-17.15 i Kyrkjeståvo. Øvingsdatoar i haust vil bli:
Måndag 12. oktober
Måndag 26. oktober
Måndag 2. november
Måndag 16. november
Laurdag 21. november: Synga på “skumringstur i adventstid” i Tysnes kyrkje
Måndag 7. desember
(Julaftan: Synga på julegudsteneste??)
Me gler oss, og håpar du kjem!
Spørsmål? Kontakt Isabell på tlf. 48 12 33 10.