VELKOMEN TIL SUPERMÅNDAG


VELKOMEN TIL SUPERMÅNDAG


Me som driv kyrkje på Tysnes inviterer til familiemiddag, kylling og ris, førstkomande måndag 28. april frå kl 15.30-17.30 i Kyrkjeståvo.

Kom til ferdigdekka bord og nyt ein ferdiglaga middag og kaffi saman med mange andre; store og små! De kan sjølv velga når de vil koma, og de kan gå når det passar. Me tenkjer dette som eit handslag i ein travel kvardag og som ein møteplass på øya vår.

Fordi det skal lagast mat treng me påmelding innan fredag 25. april. Dette kan du gjera ved å henvenda deg anten til kyrkjekontoret, eller prest Marit.

Prisar: Barn: kr 25,- Vaksne: kr 50,- Familie: maks kr 150,-

Påmelding innan 25. april til me289@kyrkja.no eller tlf. 41 26 28 44

Tilbake