I desse dagar har me påskevandringar for alle barnehagane våre her på Tysnes. Først ut var Vågsmarka og Lunde barnehagar som besøkte Tysnes kyrkje.
Medan små og store kledde av seg refleksvestar og regndressar, var det mange som opptatt av kor det var blitt av Jesusbarnet, for han hadde dei jo funne i stallen då dei var på julevandring. Men no var ikkje Jesus ein baby lenger, no hadde han blitt vaksen, og det var det me skulle få høyra litt om.
Vel inne i kyrkja fann alle seg ei pute å sitja på, før Marit losa oss gjennom alle dagane før og i påsken. Me fekk høyra om både fastelavn, blåmandag, feitetirsdag og askeonsdag, før me kom til sjølve påskeveka. Me starta med palmesundag, då Jesus reid inn på eit esel til viftande palmegreiner og “halleluja”-rop. Då sang me “På veien til Jerusalem”.
Vidare fortsette me til skjærtorsdag, der dei som ville fekk “vaska” føtene sine – på Jesus si tid var det nemleg vanleg å liggja på benker ved bordet, og då var det greitt å ikkje få tåfisen til naboen opp i ansiktet. Alle fekk også kvar sin bollebit, som eit symbol på brødet som Jesus braut til læresveinane. Etterpå fekk me høyra om då Jesus blei teke til fange, og om den tunge langfredag då Jesus døydde på krossen. Då song me “På Golgata stod det et kors”, og denne var det fleire som kunne teikn til!
Etter å ha snakka litt om sorg, kom me endeleg fram til påskedag - festdagen der Jesus stod opp igjen. Me song “Påskemorgen slukker sorgen”, før det var på tide å finna fram påskeegga me hadde laga til. Det første, store påskeegget vart opna, og nokre blei nok litt lange i maska då egget viste seg å innehalda gulrøter. Men det var mange som var glade i gulrøter, og tok seg gjerne ei å knaska på. Så drog me fram det andre påskeegget, og der var det ikkje noko grønnsaker - der var det ekte seigemenn. Me hadde også små påskeegg med gelantinfrie og sukkerfrie alternativ. Godteriet vart godt teke imot, og borna lurte nok på kva som kunne vera inni det tredje påskeegget me tok fram. Det siste egget viste seg å vera fullt av små påskekyllingar, og alle borna fekk utdelt ein kylling som dei kunne ta med seg heim.
Me avslutta med at alle som hadde lyst kunne få lov til å tenna eit lys i lysgloben. Tusen takk for flotte stunder i kyrkja, og for at de har lyst til å komma til oss år etter år 😊 God påske!