Laurdag 22. mars var det 26 nokså opplagte konfirmantar som møtte opp til temadag i Kyrkjeståvo.
Me starta med god buffetfrukost à la Solgry, før me starta på dagens undervisningsbolk. Denne var det Geir Endre Kristoffersen frå Kirkens Nødhjelp som stod for. Han fortalde om arbeidet til Kirkens Nødhjelp, og ungdommane lærte kva pengane dei samlar inn i fasteaksjonen skal gå til. Dei skal nemleg gå med bøsser 6. april, så då er det greitt å vita kva ein er med på!
Etterpå fekk me kylling- og pastasalat til lunsj, før me jobba med gudstenesta me skal ha i forkant av bøsseaksjonen. Nokon valde ut salmar til gudstenesta, andre teikna og malte bilete til utstilling i kyrkja, og andre igjen laga reklamefilmar for fasteaksjonen. Nokon var også med Marit og jobba med preika. Konfirmantane la ned eit godt stykke arbeid for at me skal få ei flott temagudsteneste 6. april!
Dagen vart avslutta med salmeøving og tacomiddag, før me takka av og reiste heim. Ein flott dag med kjekke ungdommar!