Det er tid for å ha SUPERMÅNDAG igjen! Ein måndag med fiks ferdig middag for store og små, ung og gammal. Me inviterer til familiemiddag, gryterett og ris, førstkomande måndag 17.mars frå kl 15.30-17.30 i Kyrkjeståvo.
Kom til ferdigdekka bord og nyt ein ferdiglaga middag og kaffi saman med mange andre; store og små! De kan sjølv velga når de vil koma, og de kan gå når det passar. Me tenkjer dette som eit handslag i ein travel kvardag og som ein møteplass på øya vår.
Fordi det skal lagast mat treng me påmelding innan fredag 14.mars. Dette kan du gjera ved å henvenda deg anten til kyrkjekontoret, eller prest Marit.
Prisar:
Barn: kr 25,-
Vaksne: kr 50,-
Familie: maks kr 150,-
Påmelding innan 14.mars til:
E-post: ME289@kyrkja.no
Tlf.: 412 62 844