KOM, KOM IGJEN TÅRNAGENTER!


KOM, KOM IGJEN TÅRNAGENTER!


Laurdag 8. mars var det 14 spente tredjeklassingar som kom gåande inn dørene på Tysnes kyrkje, klare for tårnagenthelg.

I våpenhuset vart dei møtt av agentsjef Isabell, som registrerte borna og delte ut agentbevisa deira. På agentbevisa stod det eit agentnummer, og agentane måtte setja fingeravtrykket sitt på beviset slik at det ikkje skulle vera noko tvil om kven dei høyrde til.

Ein etter ein fekk agentane kviskra eit passord i øyra, før dei vart slept inn i kyrkjeskipet. Her måtte dei gjennom ein labyrint, der dei på vegen måtte oppgje passordet for å få både godteri og tårnagentbuff. Då alle var kome seg trygt gjennom labyrintet, hadde me ein bli kjent-runde, der alle sa agentnummeret sitt og viste eit hemmeleg agentteikn. Ein god agent fungerer ikkje på tom mage, så før me sette i gang med oppdraga, hadde me hot dogs og saft. 

Første oppdrag var oppdrag Tårnagentsong. Tårnagentsongen, som eigentleg heiter “Himmel over livet”, skulle me nemleg framføra på gudstenesta dagen etter, så det gjaldt å øva godt. Etterpå delte me oss inn i grupper, som skulle samarbeida på oppdrag Tårn og oppdrag Symbol. Oppe i tårnet skulle tårnagentane leita etter bokstavar som skulle bli til eit ord, samt bilete av flaggermus. Gruppene fann alt frå 40 til over 70 flaggermus, men dei som fann flest erkjente at dei kanskje hadde telt nokre fleire gonger. Ein agent var litt skuffa over at dei ikkje såg nokre levande flaggermus der oppe, men dei låg nok og sov på den tida av døgnet. På oppdrag Symbol leita tårnagentane rundt i kyrkja etter ulike kyrkjesymbol, og lærte betydninga av desse. Etterpå fekk dei ein quiz om det dei hadde lært, og jammen hadde dei følgt godt med, for det var nær full pott på alle gruppene. 

Etter litt påfyll med frukt og saft, øvde me vidare på tårnagentsongen. Mot slutten av dagen hadde me stasjonsarbeid der ein gjeng klypte ut mannakornblomar, nokon bygde høge tårn av salmebøker, og éin fann roa med å bygga lego. Før me gjekk heim song me tårnagenten ein siste gong, og då var me klare til gudstenesta dagen etterpå. 

På gudstenesta på søndag stilte alle 14 tårnagentane opp, og hjelpte til med å laga ei kjempeflott gudsteneste. Dei gjekk inn i prosesjon og hjelpte til med å dekka alteret til fest. Dei var aktivt med i preika til Marit, som handla om å leita, og dei utforska bønevandringa me hadde laga til med stor iver. Og ikkje minst – dei song tårnagentsongen som aldri før. Tusen takk for ei kjempefin tårnagenthelg!

Tilbake