KONFIRMANTFESTIVALEN 2025


KONFIRMANTFESTIVALEN 2025


Søndag 2. februar var det tid for årets konfirmantfestival på Norheim, i regi av KFUK-KFUM og Bjørgvin Bispedøme. Me var ein god gjeng som reiste nedover til Norheim kirke med buss, deriblant nokre foreldre og besteforeldre som me var så heldige å ha med oss.  

Festivalen starta med eit flott opningsshow i regi av SAMMEN-teamet frå Bispedømet. Her vart det både leik, song og dans, sjølv om mesteparten av dei 300 konfirmantane syntest det var tryggast å stå stilla og la dei vaksne ta seg av dansen 😉 Etter showet var det tid for pizza og brus, før ungdommane kunne få prøva seg på mange ulike aktivitetar, blant anna sumobryting, karaoke, bordtennis, Nintendo Switch og “grill ein prest”. På sistnemnde stasjon kunne konfirmantane informera om at presten, vår eigen Marit, var blitt godt svidd. 

Så var det tid for kanskje høgdepunktet for mange, nemleg eit besøk hos Rush trampolinepark som låg like ved kyrkja. Her fekk ungdommane verkeleg ta seg ut, og nokre av dei såg ut som om dei hadde drive med turn i fleire år. Etter 45 minutt med hopp og sprett (og slush for dei som oppdaga kafeen i 2. etasje), gjekk me tilbake til kyrkja der det var avslutningsgudsteneste. Etterpå var det ein fornøgd og sliten gjeng som tok bussen tilbake til ferja, og vart henta på Hodnanes. Tusen takk for ein fin tur! 

Tilbake