Laurdag 25. januar var det 10 spente fjerdeklassingar som møtte opp i Tysnes kyrkje med soveposar, liggeunderlag og kosebamsar.
Me starta med litt frukt, før me hadde bli kjent-leik. Deretter var det tid for gudstenesteverkstad, der me skulle jobba med det som skulle skje på gudstenesta dagen etter. Me øvde på prosesjon, bønn, tekstlesing og song. Ein av borna sa det så fint: «Eg trudde det skulle vera kjedeleg her, men dette var jo gøy!»
Etter god innsats i kyrkja, var det tid for mat. Me gjekk bort i Kyrkjeståvo, der eit foreldrepar hadde laga til deilig tacomiddag til oss. Etterpå laga me «glasmaleri», før det var tid for å sjå film og eta laurdagsgodt. Sjølv om filmen var spennande, var det nokre par auge som ikkje greidde halda seg opne – forståeleg nok ;)
Så var det tid for det alle hadde venta på – overnatting i kyrkja. Me gjekk bort og ordna til soveplassane våre, og på eit tidspunkt var det heile åtte born som låg inni altarringen – Heidi meinte at det måtte vera ny rekord. Dei fann nok ut at det var litt trongt etter kvart, for det var eit par som flytta ut. Etter ei lita stund med kviskring, snuing og vending, fann alle roa til slutt.
Søndag morgon pakka me saman tinga våre, og gjekk bort i Kyrkjeståvo der det var laga til deilig frukost med både kokt egg, ost og allslags kjøttpålegg. Merkeleg nok var det nugattiboksen som fekk køyrt seg😉 På frukosten fekk me også treffa Reidar, som var vikarprest denne dagen. Tilbake i kyrkja gjorde me ein siste gjennomgang av gudstenesta, før det var å venta spent på alle “gjestene” denne dagen.
Gudstenesta gjekk kjempefint, og borna hjelpte til med utdeling av program, inngongsprosesjon, samlingsbøn og tekstlesing, i tillegg til at dei hadde eit songinnslag med “Hvem er jungelens konge?”. Høgdepunktet var nok likevel då dei fekk kasta ut papirfly frå galleriet, som dei kvelden før hadde skrive sine bøner på. Det var ein nøgd gjeng som fekk ein kjeks å bita i på kyrkjekaffien, før dei reiste heim kvar til seg.
Tusen takk for ei flott helg!