2025 er i gong, og kyrkja er klar for fyrste SUPER-måndag med fiks ferdig middag for heile familien i Kyrkjeståvo 27. januar.
Kyrkja på Tysnes har igjen lyst til å invitera store og små på middag i den fine kyrkjestova vår. Eit av dei viktigaste oppdraga kyrkja har er å vera diakonal, det vil seia å gjera det Jesus gjorde: Han laga til så menneska fekk mat, fekk høyra til, fekk kjenna seg verdifulle.
God mat og hyggeleg prat.
Me inviterer til familiemiddag: Fiskeburger med grønnsaksalat og potetsalat, og noko søtt etterpå måndag 27. januar kl. 15.30-17.30.
Prisar: Born kr. 25 Vaksne kr. 50 Maks familie kr. 150
Fordi det skal lagast mat, treng me påmelding seinast fredag 24. januar - dette kan skje til kyrkjekontoret eller prest: marit.i.espedalen@tysnes.kommune.no Tlf. 41 26 28 44 / 95 82 83 37
Velkommen til SUPER-måndag med fiks ferdig middag!