Helga 25.-26. januar ynskjer me alle 4.-klassingar velkomne til å overnatta i Tysnes kyrkje.
Arrangementet startar kl. 18 på laurdagskvelden. Då skal me bli kjende, ha gudstenesteverkstad, eta taco og laurdagsgodt, leika og gjera mykje kjekt. Og ikkje minst - overnatta i kyrkja! På søndagen er det frukost, før me deltek på gudstenesta kl. 11. Har du ein 4.-klassing som har lyst til å vera med? Ta kontakt med Isabell på 48 12 33 10 eller isabell.epland.ostby@tysneskommune for meir informasjon og påmelding.
Påmeldingsfrist onsdag 15. januar.
Bilde: Den norske kirke/Rianne van den Brink