SKUMRINGSTUR I ADVENTSTID


Laurdag 30. november var det klart for den årlege skumringsturen ved/i Kyrkjeståvo. Rundt 70 små og store møtte opp i skumringa, godt kledde og utstyrte med lommelykter.

Først gjekk turen bort til skogholtet bak kyrkja. Der var det hengt opp refleksar i trea, med ulike symbol på. Borna måtte finna og hugsa 2-3 symbol, som dei fekk byta inn i plastdyr. Dei observante fann også nokre dyr som hadde gøymd seg i graset. Då posen med dyr var tom, gjekk me tilbake til Kyrkjeståvo.

Vel framme i den varme Kyrkjeståvo var det tid for å setja alle dyra framføre stallen. Jammen var det ikkje både løver, antiloper og hundar som også hadde kome for å sjå Jesusbarnet! Me song det første verset av Tenn lys, før det var tid for bollar og kakao. Det smakte nok godt, for det gjekk unna på maten! Etter ei lita stund var det tid for at barnekoret skulle synga. Dei song tre songar for oss, og var kjempeflinke. Etterpå las Isabell Astrid Lindgren si forteljing «Jul i stallen», før me avslutta kvelden med ein song med det passande namnet «Avslutningssang».

Tusen takk for ein koseleg adventskveld😊

Tilbake