Laurdag 30. november inviterer Tysneskyrkjelydane store og små til «Skumringstur i adventstid» ved Kyrkjeståvo.
Me startar med ein spennande tur i skumringa - då skal me lysa etter refleksar som er hengt opp i trea, og leita etter dyrefigurar i graset. Etterpå går me inn i varmen i Kyrkjeståvo, der me kosar oss med bollar og kakao. Det blir eit lite program med blant anna song og lystenning, og barnekoret skal synga for oss! Kle dykk etter vêret, ta med lommelykt og møt opp kl. 17.15 utanfor Kyrkjeståvo.