Tysdag 5. november inviterte me 2- og 4-åringar og familiane deira til hotdog-middag med utdeling av bøker.
Rundt 20 born hadde teke med seg søsken, foreldre og besteforeldre, og det var god stemning då middagen kom på bordet i Kyrkjeståvo. Det smakte nok godt med hotdogar etter ein lang dag i barnehage og på jobb!
Då maten var i magen og borna hadde fått sprunge litt frå seg, tok me turen bort i kyrkja der Marit prest stod og venta på oss i våpenhuset. Me gjekk inn i kyrkja der mange fann seg ein plass på golvet, medan andre syntest det var tryggast på mamma eller pappa sitt fang. Marit hadde gøymd nokre ting under eit teppe. Først trakk ho fram ein fin blome. Då måtte me synga «Kven har skapt alle blomane». Etterpå trakk ho fram eit dåpslys, som me tente medan me song «Dette lille lyset mitt». Til slutt trakk ho fram bøkene som borna skulle få: «Lille sau går seg vill» til 2-åringane, og «Kyrkjeboka mi» til 4-åringane. Me las opp namna, og alle borna kom fram og fekk boka si. 4-åringane fekk faktisk heile to bøker – dei fekk også ei aktivitetsbok som høyrte til kyrkjeboka.
Til slutt song me «Kjære Gud, eg har det godt» og Marit lyste velsigninga, før det var på tide å gå heim. Marit meinte at no skulle dei vel heim og leggja seg, men då var det ein som svara: «Nei – eg skal sjå barne-tv først!»