JESUS ER VÅR VENN


Onsdag 11. september var det 16 spente førsteklassingar som kom gåande inn i Kyrkjeståvo med fine skulesekkar og forventningsfulle ansikt.

Etter at alle hadde fått namnelappar og me hadde «klappa» alle sine namn, var det tid for hot dogs og saft. Det smakte nok godt etter ein skuledag, for det var heilt stille medan måltidet gjekk føre seg. Medan me kosa oss med maten, fekk me til og med sjå regnbogen som strakte seg ut utanfor vindauget!

Etterpå var det tid for ei samling der temaet var vennskap. Borna hadde mange gode innspel på kva det vil seia å vera ein god venn – dette var noko dei hadde god peiling på! Me snakka om at Jesus er ein «usynleg» venn som ein kan snakka med når som helst og kor som helst – på skulen, heime, på fotballtrening – ja over alt! Me lærte oss to teikn på teiknspråk: «Jesus» og «venn», før me song «Jesus er vår venn».

Så var det tid for ein stafettleik og deretter arbeid med fargeleggingshefte medan Isabell las frå 6-årsboka. Etter ei økt rundt arbeidsbordet, var det tid for dagens høgdepunkt: Ein tur bort i kyrkja for å treffa Marit prest. Akkurat då me skulle gå bort opna himmelen seg, så då var det berre til å leggja på sprang for å koma oss fram utan å bli gjennomblaute. I kyrkja fortalde Marit om dei ulike romma i kyrkja, og dei ulike fargane ein brukar i kyrkja. Så var det tid for å leika dåp. To førsteklassingar vart plukka ut til å vera stolte foreldre, og dei bestemte at barnet skulle heita Torill. Torill fekk vatn på hovudet tre gonger, og ho grein faktisk ikkje i det heile tatt!

Tilbake i Kyrkjeståvo måtte me ha litt påfyll av energi i form av frukt, før me fortsette med fargeleggingshefta og andre oppgåveark. Siste rest av energi vart brukt opp på stolleiken og ein heidundrande avslutning med «Jesus er vår venn», før me sa takk for i dag og foreldra kunne henta slitne, men nøgde born. Ein flott ettermiddag med kjekke born!

På søndag var det klart for «skulesekkgudsteneste» i Tysnes kyrkja. 6-åringane gjekk inn i prosesjon med skulesekkane på ryggen, og med blomar som me pynta alteret med. I gudstenesta var det dåp, og 6-åringane fekk lov til å vera med og slå opp dåpsvatnet – ei veldig viktig oppgåve! Marit prest hadde ei fin preike om at Gud kan vera ein bestevenn ein har med seg når ein føler seg litt åleine, og alle 6-åringane fekk utdelt boka «Tre i eit tre» som me hadde lese frå på onsdagen. Ein kjempefin gudsteneste for store og små!

Dei som ikkje har fått 6-årsboka kan koma innom på kyrkjekontoret og henta seg ei, me held til i dei gamle lokala til lensmannen i Uggdal (Uggdalsvegen 313).

Tilbake