Velkommen til drop-in-dåp i Tysnes kyrkje 20. september!
Drop-in-dåp vert mogleg i Tysnes kyrkje fredag 20.09.2024, kl. 15.30 – 17.30.
Dåp foregår vanlegvis i ei gudsteneste, og høyrer til når kyrkjelyden er samla. Ved drop-in-dåpen er det berre sjølve dåpshandlina som skjer, like fullverdig og høgtideleg. Meininga er å gjera dåpen så enkel og tilgjengelig som mogleg. Mange forbinder barnedåp med press om stort selskap og mykje stress. Det treng ikkje å vera slik! På drop-in-dåp er det ingen kleskodar eller forventning om selskap. Dåpen er heller ikkje berre for barn, både ungdommar, vaksne og eldre er velkomne til å døypa seg.
I kyrkja vil det vera betening til stades, i tillegg til presten som foretar sjølve dåpshandlinga. Den som vil bli døypt må ikkje tidligare vera døypt, og ikkje være medlem i eit anna trussamfunn. Barn under 15 år må ha godkjenning frå begge foreldre eller verge.
Korleis foregår ein drop-in-dåp? Ved ein drop-in-dåp er ingen førebuingar nødvendige. Ein møter berre opp i kyrkja, skriv under på eit skjema, har ein samtale med presten og vert døypt. Ein kan komma åleine eller i følgje med andre. Kyrkja stiller med fadrar om nødvendig. Ein må hugsa å ha med seg gyldig legitimasjon.
Me vil òg laga ei enkel servering i Kyrkjeståvo (tidlegare Tysnes bedehus) for dei som måtta ha lyst til å markera dagen.
Vil du vita meir, ta kontakt med Tysnes kyrkjekontor.
Drop-in-dåp: Heilt enkelt, like stort!