Skummelt, spanande og kjempekjekk Tårnagent helg 18.-19. februar 2022 i Tysnes kyrkje
Me som var Tårnagenter i Tysnes kyrkje laurdag 18.02 og søndag 19.02 hadde ei mystisk, litt skummel og spanande helg. Fyst blei me registrert med både fingeravtrykk, hemmelig kode og passord. Deretter måtte tårnagentane prøva å finna fram i ein labyrint i kyrkja. For å komma seg velberga gjennom den var det om å gjera å huska passordet, slik at dei kom seg fram til enden av labyrinten. Mange hemmlige tegn og litt agentmat før tårnagentane fekk besøk av ein hemmlig agent som kom med mange smarte og gode råd. Etterpå fekk tårnagentane leita og finna betydningen av dei mange symbola som er i kyrkja. Tilslutt vart det "eksamen" , ein Quiz som viste at Tårnagentane hadde brukt både augene og øyrene godt.
Høydepungtet vart sjølvsagt turen oppi Tårnet. Der leita me etter levande og døde flaggermus og bokstavar som skulle setjast saman til eit ord. Alle tårnagentane som ville fekk ringa med kyrkjeklokka.
Tårnagentsangen med ræpp vart øvd inn til Tårnagentgudstenesta. Skal sei dei, under dyktig leiing av organist André, fekk "dreisen" på den. Me klypte mannablomar og bygde eit kjempestort tårn av salmebøker.
Gudstenesta på søndagen var feira med både kryssord, leit etter dåpsutstyret, Tårnagentsong og bønnevandring. Prest Kjetil kom med gode råd frå preikestolen, hurra at han brukte den, sidan den var eit spannande tema i Tårnagentsamlinga .
Me kan sei det var ei vellukka Tårnagenthelg, sidan ein agent godt kunne tenkja seg å gjera det ein gong til!! Stor takk til alle som var med og hjelpte til slik at det vart ei trygg og god Tårnagenthelg. Ein spesiell takk til Stine!!