KRØLLEKVELD


KRØLLEKVELD


Fantastisk kjekk Krøllekveld i Tysnes kyrkja
KRØLLEKVELD

Ein ettermiddag i november var alle 2 åringane invitert til å komma i Tysnes kyrkje og høyra historien om sauen Krølle som gjekk seg vill.
Forventning og sjenanse stod å lese i ansikta deira då dei kom inni våpenhuset, då var det trygt og godt å ha ei kjent hand og fang å krypa oppi.
Men dei tødde snart opp og var ivrig etter å finne sauen Krølle som var på ville vegar.
Alle fekk tenna eit lys i Lysgloben før leitinga byrja, kunne Krølle ha havna i elva? Me såg i døypefonten, men der var det berre ei mus . Alle som turde fekk eit vannkors tegna i handa si til minne om dåpen. Kunne Krølle ha forvilla seg oppå fjellet? Litt skummelt var det så absolutt å klatra oppi Preikestolen for å speida etter Krølle. Einaste me fann der var ein villkatt og eit ekorn.
I alterringen som for anledningen hadde grønt «gras» var det mange sauer på beite, men ingen Krølle. Kor ialledagar hadde han gjort av seg?. Me var så trøtte av å leita at me sette oss beint ned og åt ein bolle før me song: « Bæ bæ lille lam» så høgt me kunne, og der, var det nokon som høyrte eit «Bæ, Bæ»? Me ropte på Krølle og jau, eit tydelig «Bæ bæ» kom frå bak alteret. Ein liten kjapp to åring hadde augene med seg og fann Krølle som hadde satt seg fast bak alterbilde. Letta blei «Krølle» bore forsiktig ned til saueflokken sin . Alle 2 åringane fekk utdelt si eiga «Krølle» bok før me song «Kjære Gud jeg har det godt» til avslutning.
Tilbake