JULEVANDRING


Måndag, 9. desember kom Vågsmarka barnehage til Tysnes kyrkje for å få høyra om då Jesus vart født i ein stall i Betlehem.

Marit I. Espedalen tok imot dei og alle fekk kostymer på. Snart var det både englar, gjetarar og tre kongar som samla seg rundt bålet under stjerne himmelen  på Betlehemsmarka.  Marit fortalte om Maria og Josef som måtte gå den lange vegen til Betlehem, for det var verken tog, fly eller busser på den tida.  Dei var så trøtte, men alle hotella og husa var smekk fulle med folk som skulle skriva seg i manntalet, men til slutt fekk dei lov å bu i ein stall.  På Betlehemsmarka sat gjetarane og passa på alle sauene sine, dei song «Bæ, bæ lille lam» og «Det lyser i stille grender», slik at sauene skulle føla seg trygge. Plutselig kom det englar som fortalte om Jesusbarnet som var født i ein stall. Englane sa at for å finna Jesusbarnet måtte dei sjå etter ei stjerne. Kan tru at gjetarane, dei tre kongane og englane fekk fart på seg, dei gjekk av garde medan dei song «Eg gikk meg over sjø og land».

Men først måtte dei skriva seg i manntalet før dei kunne gå vidare på ferda. Då dei kom til ein låve var det ein som kom på at der budde nok Julenissen, så då stemte alle i med «På låven sitter nissen». Tru om det var fleire stjerner å sjå? Ja, sannelig stod det ikkje eit juletre og skein med ei stjerne høgt i toppen. Alle stemte i med «Du grønne, glitrene tre god dag». Me leita under juletreet etter Jesusbarnet, men der var det tomt. Hm, dei såg seg rundt og sannelig, der var det ei stor skinnande stjerne,  og under den fann dei Maria, Josef og ei tom krybbe!! Hjelpe oss, kunne det vera nokon som hadde tatt Jesusbarnet? Alle speida rundt etter fleire stjerner og der, der framme ved alteret stod det ei lita stjerne og viste vegen. I samla flokk gjekk alle fram, og bak alteret der låg Jesusbarnet og sov. Kan skjønna at han ikkje kunne liggja der heilt åleine, ein av borna fekk æra av å bera han forsiktig ned til stallen og leggja han i krybba, trygt hos Maria og Josef. Dei tre kongane la ned gåvene sine, gjetarane og englane hadde lam og sauer som dei gav til Jesusbarnet. Alle var så glad for at Jesusbarnet var trygt hos mamma og pappa sin, at dei stemte i med «Eit barn er født i Betlehem» før Marit samla flokken rundt bålet igjen og avslutta juleforteljinga før me helste god jul til kvarandre.

Det er alltid like magisk når barnehageborn kjem i kyrkja på julevandring.

Tilbake