SKUMRINGSTUR


Laurdag 27. november var det klart for den tradisjonelle skumringsturen utenfor og inni Tysnes bedehus

 

SKUMRINGSTUR I TYSNES BEDEHUS  27.11.2021

Laurdag var det ekstra kjekt med skumringstur sidan me i fjor ikkje kunne ha den tradisjonelle skumringsturen .
Mange born og vaksne kom og ville vera med. Alle hadde med seg lommelykter for det må ein ha når ein skal ut i skogen og leita etter refleksdyr. Nokon fann mange dyr og nokon synest det var kjekt nok å få lysa med lommelykta si.
Det var godt å få komma inni eit varmt bedehus og få nybakte bollar og varm kakao. Adventslyset vart tent medan me song «Tenn lys». Det er alltid veldig stemningsful når borna bere lys rundt til alle bord.
Marit hadde laga ein fin andakt, som me alle fekk vera med å bidra med song til.  
Takk for alle som kom , og til dei som gjorde ein solid innsats med bollebaking, kakao koking og servering. God adventstid!

 

Tilbake