4 ÅRS SAMLING I TYSNES KYRKJE


Onsdag 1. desember var 4 åringane invitert til ei samling i Tysnes kyrkje.

 

Eit lite knippe 4 åringar kom til kyrkja denne onsdagskvelden , det var kanskje litt skummelt for nokon, andre var meir frimodige, men at det kitla litt i magen var me alle einige om.
Smittevern og kohortar måtte me ta på alvor, men det fiksa ungane så lett som ingenting, dette kunne dei!!
Adventslyset vart tent og med tonefølgje til «Tennlys» .
Marit prest fortalde om dei fira fargane som er i kyrkjeåret og 4 åringane fekk sjå tekstilane med forskjellige farger og symbol.
Babydukka blei døypt og fekk namnet Niko, alle var einig om at det var lurt at nokon var med å passa på sidan babyen ikkje kunne noko sjølv. Ikkje huska at han var døypt med vatn eingong.
Heidi samla borna framme og fortalte skapelseshistorien med god hjelp av flanellograf og 4 åringane som  hadde mange gode forslag på kva Gud hadde skapt. Men det aller, aller finaste er at han har skapt deg og meg. Difor var det veldig naturleg å syngja «Kven har skapt alle blomane».
Thorhill kom fram med skattekista og oppi den var det gullpengar med inskripsjonen: «Jesus seier: Den finaste er du».
Borna fekk utdelt «Kyrkjeboka mi» med aktivitetshefte til og litt «godteri».  Alle borna fekk tenne sitt lys i lysgloben og så song me «Eg folder mine hender små» før alle gjekk heim kvar til sitt.

 

Tilbake